m

Treningane startar og sluttar alltid med at elevar og trenarar helser på kvarandre. Dette kan gjerast sitjande eller ståande. Elevane står i linje vend mot trenarane. Ein helser for å vise respekt for kvarandre. Ein helser ved å bøye hovudet og overkroppen og ser ned i matta. Ein skal ikkje sjå motstanderen i augene under helsingane, dette viser då at ein ikkje stoler på eller respekterer vedkomande.

Teknikkane er delt inn i bakketeknikkar, som består av kveling, armbend og haldegrepsteknikkar, og kastteknikkar. Målet er å få motstandaren på ryggen, enten ved kast eller ved å halde fast i haldegrepsteknikkar. Ved kveling og armbend er målet å få motstandaren til å overgje seg. Kveling og armbend vert ikkje lært til barn. I konkurransar kan desse teknikkane berre nyttast av juniorar, dvs. utøvarar over 16 år.

For å hindre skadar ved armbend og kveling, og også ellers, er det viktig at utøvarane veit kva signal dei skal gje som teikn på at dei gir seg. Den som utfører teknikken må også vite å tolke desse signala. Når ein utøvar gir seg klappar han handa, eller foten, to eller fleire gangar i matta eller på motstandaren. Han kan også seie «maita» som betyr «eg gir meg». Motstandaren skal då straks sleppe taket.

Fallteknikk

For at vi ikkje skal skade oss når vi trenar judo, er fallteknikk noko av det fyrste vi lærer. Fallteknikk kan utførast i alle bevegelsesretningar, framover, bakover og til sidene. Fallteknikken skal bremse fallet slik at ein ikkje skader seg når ein blir kasta. Ved å fordele trykket ut over eit stort område samtidig som ein rullar vil ikkje fallet stoppe så fort. Det er også viktig å halde haka inn mot brystkassa slik at ikkje bakhovudet slår ned i matta. Fallteknikk er like godt å kunne om ein vert kasta med eit judokast eller om ein fell av ein sykkel eller på isen.

Grepteknikk og balansebrot

Eit godt grep i motstandaren er viktig for å få til ein kastteknikk. I eit standard grep tek ein tak med den eine handa i nedre del av ermet til motstandaren og den andre handa i kragen på motsatt side. Andre grep enn dette standardgrepet kan ein ikkje halde i meir enn 3 – 5 sekund i konkurranse, med mindre ein startar eit angrep.

Å kaste ein motstandar som står stødig er vanskeleg. For å klare å kaste ein motstandar utan å bruke for mykje krefter må ein anten bruke den ubalansen motstanderen er i eller aktivt gjere noko for å få motstandaren ut av balanse. Balansebrotet kan gå i alle retningar: framover, bakover, til sidan eller skrått framover eller bakover.

Kast-teknikkar

Dette er eit stort antall teknikkar som vert delt inn i hofteteknikkar, armteknikkar, beinteknikkar og offerteknikkar. Gruppeinndelinga sier noko om korleis ein utfører teknikken. I Hofteteknikkar bruker ein hofta til å utføre kastet. Kastretninga er stort sett framover over ryggen til den som kastar. Armteknikkar er ei omfattande teknikkgruppe. Teknikkane her er ganske forskjellig men felles for alle er at armbruken er sentral. Kastretningane på desse kasta varierer, men mange går framover. Beinteknikkar er også ei gruppe som har mange teknikkar. Kasta vert utført ved at ein anten sperrar motstandarens bein eller feier det vekk. Desse kasta kan gå både framover, bakover eller til sida. Offerteknikkar baserer seg på at den som skal utføre teknikken må ofre sin eigen posisjon og sjølv fell ned – for så å kaste motstandaren meir eller mindre over seg.

Haldegrep

Dette er ei gruppe fastlåsingsteknikkar for å halde motstanderen på ryggen. Utøvaren som held må kontrollere motstandaren sin og halde ryggen, begge skuldre eller ein skulder hos motstandaren i kontakt med matta. Utøvaren som har haldegrepet må ikkje få beina eller kroppen kontrollert av motstandaren. Haldegrepa er mange og forskjellige, og alle har ein eller fleire måtar som kan brukast til å komme seg laus – frigjeringar.

Kveling

Kveling vert ofte utført ved hjelp av anten sin eigen eller motstandarens drakt. Kveling kan også utførast kun med armane, såkalla nakne kvelingar. Siden kvelning kan vere farleg er reglane svært strenge. Kvelning skal sleppast opp straks motstandaren gir seg.

Armbend

Albueleddet er det einaste leddet som er lov å sette bend på i judo. Dette er fordi albueleddet er relativt robust, og ein kjenner smerte før det blir farleg. Det skal likevel alltid utvisast stor forsiktigheit når armbend vert øvd og brukt, då det elles kan oppstå skadar. Grunnen til at barn ikkje skal lære armbend er at ein feil utførd teknikk kan medføre permanent skade. På samme måte som for kveling skal et armbend alltid sleppast umiddelbart når motstandaren gir seg. I konkurransar er dommaren ekstra oppmerksam på armbend.