Er det mykje skader i judo?
Nei, og noko av grunnen til dette er at vi trener på mjuke matter. I tillegg brukar trenarane mykje tid på å lære nybyrjarane korrekt fallteknikk.

Er utøvaren forsikra under trening / turneringar ?
Ja. Alle utøvarar til og med fylte 13 år er forsikra gjennom felles kollektiv avtale (If Skadeforsikring). Det er inga registrering nødvendig, men ved skade må det stadfestast at aktiviteten var i regi av ein judoklubb som er medlem av NJF. Forsikringa gjeld i hele Norden.
Alle utøvarar må frå fylte 13 år ha forsikring gjennom Volda Judoklubb (AGS Forsikring). Det er eit krav at ein må vere forsikra for å kunne delta i aktivitet i regi av NJF (stemner, kurs etc.), eller medlemsklubb i NJF (trening, lokale stemner etc.).
Denne forsikringa er inkludert i treningskontingenten, og vert ordna av Volda Judoklubb straks kontingenten er betalt.

Kva er gradering?
I judo startar alle, uavhengig av alder, med kvitt belte. Normalt går ein opp til ein praktisk prøve (gradering) etter ca eit halvt år med trening. På ei gradering skal ein syne teknikkane i forhold til den beltegrad ein går opp til. For barn og ungdom er det vanleg at ein graderer seg til ”halvbelte”, dvs. ”halvt gult belte”, etter at utøveren har gjennomført startkurset. For å få eit ”helt gult belte” krev det totalt 25 treningstimar. Desto høgre beltegrad ein graderer seg til, desto høgre krav er det til antall treningstimar og kva teknikkar ein må beherske.
Sjå også eige punkt «Gradering» under «Om judo»

Kva beltefarger er det i judo?
Fyrste belte er kvitt, deretter gult, oransje, grønt, blått, brunt og til slutt svart. For barn frå 13 år og under vert belta kalla ”mon-belter” (med hvit stripe) og for ungdom/senior over 14 år ”kyu-belter” som er heilfarga.

Korleis foregår ein judokamp?

En judokonkurranse starter ved at utøvarane står vend mot hverandre på midten av kamparealet. Utøvarane fyljer heile tida dommaren sine instruksar og kampen starter når dommaren seier «hajime». Når dommaren annonserer stopp i kampen går utøvarane tilbake til utgangsposisjonen sin. Dommaren si oppgave er å tildele poeng og sjå til at ein fyl reglane og på denne måten hindrar skader.

Poeng i judo :
· Waza-ari -> nesten ippon
· Ippon-> vinn kampen

Ein utøvar vinn kampen når han eller ho får ippon. To waza-ari vert summert til ein ippon. Dersom kamptida går ut utan at nokon av utøvarane har fått «Ippon» vil den utøvaren som har fått ein eventuell waza-ari vinne. Dersom dette er likt vil ein gå over i golden score, der kampen fortsetter med evig tid, til nokon får waza-ari eller ippon.

Fire handlingar kan gi scoring:
· Ein utøvar kaster motstanderen kontrollert på ryggen eller tilnærma på ryggen.
· Ein utøver held motstanderen i godkjent haldegrep i minimum 10 sekund.
· Motstandaren får hansoku-make eller 3 shido.
· Motstandaren gir opp.

Kasta gir poeng etter kor stor kontroll og hurtigheit utøvaren har og i kva grad motstandaren lander på ryggen. Når ein utøvar med god kontroll kastar sin motstandar på rygg med tilstrekkeleg kraft og hurtigheit gir kastet ein Ippon. Dersom ein utøvar kaster sin motstandar med kontroll, men teknikken manglar delvis eit av dei andre tre momenta som skal til for å oppnå Ippon vil det gi ein Waza-Ari.

Godkjent haldegrep gir poeng etter fylgjande tider:
· 10 sekund Waza-ari
· 20 sekund Ippon

Dersom ein utøvar utfører ei ulovleg handling og får straff blir dette ført opp som shido på poengtavla. Dersom ein får sin tredje shido, vil ein få hansoku-make og bli utvist frå turnieringa.
Dersom ein utdøvar får ippon, bil han vinne kampen, det skjer også dersom motstandaren gjev opp ved å slå av (slå med hand eller fot gjentatte gangar i matta, seg sjølv eller motstanderen) eller seie «maita» («eg gir meg» på japansk).

Reglene i judo er strenge for å unngå at utøvarane skader seg sjølv eller motstandaren. Straffene er Shido og Hansoku-Make. Når ein utøvar får si fyrste lette straff, Shido, skjer det ingenting. Ved 3 Shido på rad får ein hansoku-make, og blir utvist.
Ved ein grov overtredelse får utøvaren Hansoku-Make (utvising) direkte.

Kamptidene varierer i dei forskjellige aldersinndelingane.

· UNGDOM: 3 minutt effektiv tid.
· JUNIOR: 4 minutt effektiv tid.
· SENIOR: 4 minutt effektiv tid.

Vektklasser :

· BARN: I barneklassene bruker ein flytande vektklasser der en tilstreber 4-5 deltakarar i kvar klasse. Ein tek hensyn til alder og ferdigheitsnivå i tillegg til barnets vekt. Ein har her ikkje golden score, og får heller uavgjort.
· UNGDOM: Gutar vert delt inn i 10 vektklasser frå -38 kg til +81 kg. Jenter vert delt i 8 vektklasser frå -36 kg til +63 kg.
· JUNIOR: Menn vert delt i 8 vektklasser frå -55 kg til +100 kg. Kvinner vert delt i 8 vektklasser frå -44 kg til +78 kg.
· SENIOR: Menn vert delt i 7 vektklasser frå -60 kg til +100 kg. Kvinner vert delt i 7 vektklasser frå -48 kg til +78 kg.