Kor gamal må ein vere for å starte med judo?
Volda Judoklubb har to treningsparti, barn og ungdom/vaksen.
Barnetreningane er for ungar i alder ca. 8 – 12 år.

Kva koster det å trene judo?
Det er litt avhenging av alder. Prisane finn du i eige menypunkt «Om Volda Judoklubb». Alle må betale medlemskontingent og treningskontingent. I tillegg kjem evt. kjøp av judodrakt, og evt. gradering inkl. nytt belte. Faktura for kontingenter blir normalt sendt ut 2-3 veker etter treningsstart, og gjeld då for heile sesongen.

Kan eg kome å prøve judotrening utan å binde meg som medlem?
Ja, det kan du gjerne. Men etter 4 treningar (2 veker) håper vi at du har erfart om du vil bli fast medlem. Faktura blir då sendt ut. Fakturert kontingent vil ikkje heilt eller delvis bli kreditert om ein sluttar etter dette.

Kan eg starte på trening sjølv om sesongen er godt i gang?
Dette må ein nesten vurdere i kvart enkelt tilfelle, alt etter erfaring og tidspunkt. Ta kontakt med trenarar eller styret.
Normalt vil vi ikkje ta ut nytt medlem etter utgang av september-månad, men du kan starte frå januar påfyljande år, og betaler då 50% av kontingenten.

Kvar har klubben trening?
Volda Judoklubb har treningslokale i Volda Campus Sparebank 1 Arena, Joplassvegen 1, ved Høgskulen i Volda