Dojo-reglar :
- Respekter din treningspartnar og bidra aktivt til eit positivt læringsmiljø.
- Alle må vere på plass når treninga startar, og ingen forlèt matta utan lov frå hovudtrenar.
- Judogien (judodrakta) skal vere korrekt og rein.
- God personleg hygiene er viktig og negler skal vere kortklipte.
- Ta av alt laust på kroppen, smykke, klokke, halskjede og liknande.
- Mat og drikke skal ikkje nytast på matta utan at hovudtrenar har gjeve klarsignal.
- Tilskodarar til trening og judoutøvarar som ikkje deltek på trening skal ikkje forstyrre treninga.
- Dojo-reglane gjeld ikkje berre under trening, men også etter trening og utanfor treningslokalet. Judoutøvar er du dag og natt.