Volda Judoklubb370x234

Dojo-reglar :

  1. Respekter din treningspartnar og bidra aktivt til eit positivt læringsmiljø.
  2. Alle må vere på plass når treninga startar, og ingen forlèt matta utan lov frå hovudtrenar.
  3. Judogien (judodrakta) skal vere korrekt og rein.
  4. God personleg hygiene er viktig og negler skal vere kortklipte.
  5. Ta av alt laust på kroppen, smykke, klokke, halskjede og liknande.
  6. Mat og drikke skal ikkje nytast på matta utan at hovudtrenar har gjeve klarsignal.
  7. Tilskodarar til trening og judoutøvarar som ikkje deltek på trening skal ikkje forstyrre treninga.
  8. Dojo-reglane gjeld ikkje berre under trening, men også etter trening og utanfor treningslokalet. Judoutøvar er du dag og natt.