VOLDA JUDOKLUBB
Volda Judoklubb startside
Velkomen
Ynskjer du å starte med judo? Har du trena før eller vil du berre vite meir? Judo er spanande og variert, og du får trena både balanse, koordinasjon, smidigheit, bevegeligheit og styrke. I tillegg er det sosialt og gøy ! Vi vonar du finn informasjonen du søkjer her.
Om Volda Judoklubb
Volda Judoklubb vart stifta i 1982 av Charles Andrianjafintrimo. Klubben har 2 treningar i veka. Vårt treningslokale ligg i Volda Campus Arena.
Om Judo
Judo er ein japansk kampidrett og består av kast og kontrollteknikkar. Idretten har sitt utspring i stor grad frå jiujitsu (eller ju-jutsu) som truleg vart introdusert i Japan av kineserane, og seinare vidareutvikla av japanarane.