Er det mykje skader i judo?
Nei, og noko av grunnen til dette er at vi trener på mjuke matter. I tillegg brukar trenarane mykje tid på å lære nybyrjarane korrekt fallteknikk.

Er utøvaren forsikra under trening / turneringar ?
Ja. Alle utøvarar til og med fylte 13 år er forsikra gjennom felles kollektiv avtale (If Skadeforsikring). Det er inga registrering nødvendig, men ved skade må det stadfestast at aktiviteten var i regi av ein judoklubb som er medlem av NJF. Forsikringa gjeld i hele Norden.
Alle utøvarar må frå fylte 13 år ha forsikring gjennom Volda Judoklubb (AGS Forsikring). Det er eit krav at ein må vere forsikra for å kunne delta i aktivitet i regi av NJF (stemner, kurs etc.), eller medlemsklubb i NJF (trening, lokale stemner etc.).
Denne forsikringa er inkludert i treningskontingenten, og vert ordna av Volda Judoklubb straks kontingenten er betalt.

Kva er gradering?
I judo startar alle, uavhengig av alder, med kvitt belte. Normalt går ein opp til ein praktisk prøve (gradering) etter ca eit halvt år med trening. På ei gradering skal ein syne teknikkane i forhold til den beltegrad ein går opp til. For barn og ungdom er det vanleg at ein graderer seg til ”halvbelte”, dvs. ”halvt gult belte”, etter at utøveren har gjennomført startkurset. For å få eit ”helt gult belte” krev det totalt 25 treningstimar. Desto høgre beltegrad ein graderer seg til, desto høgre krav er det til antall treningstimar og kva teknikkar ein må beherske.
Sjå også eige punkt «Gradering» under «Om judo»

Kva beltefarger er det i judo?
Fyrste belte er kvitt, deretter gult, oransje, grønt, blått, brunt og til slutt svart. For barn frå 13 år og under vert belta kalla ”mon-belter” (med hvit stripe) og for ungdom/senior over 14 år ”kyu-belter”.

Korleis foregår ein judokamp?

En judokonkurranse starter ved at utøvarane står vend mot hverandre på midten av kamparealet. Utøvarane fyljer heile tida dommaren sine instruksar og kampen starter når dommaren seier «hajime». Når dommaren annonserer stopp i kampen går utøvarane tilbake til utgangsposisjonen sin. Dommaren si oppgave er å tildele poeng og sjå til at ein fyl reglane og på denne måten hindrar skader.
Judo, ippon, waza-ari, yuko

Poeng i judo :
· Koka 3 poeng
· Yuko 5 poeng
· Waza-Ari 7 poeng
· Ippon 10 poeng

Ein utøvar vinn kampen når han eller ho oppnår 10 poeng. To 7-poeng vert summert til å bli 10 poeng. 5-poeng og 3-poeng vert ikkje summert, det vil sei at ein kan ha aldri så mange 5-poeng og 3-poeng utan at det nokon sinne blir 10 poeng. Dersom kamptida går ut utan at nokon av utøvarane har fått 10 poeng eller «Ippon» vil den utøvaren som har fått høgst scoring vinne. Dersom dette er likt vil den med flest antall scoringer, av den høgste scoringsverdien, vinne.

Fire handlingar kan gi scoring:
· Ein utøvar kaster motstanderen kontrollert på ryggen eller tilnærma på ryggen.
· Ein utøver held motstanderen i godkjent haldegrep i minimum 10 sekund.
· Motstandaren utfører ei straffbar handling.
· Motstandaren gir opp.

Kasta gir poeng etter kor stor kontroll og hurtigheit utøvaren har og i kva grad motstandaren lander på ryggen. Når ein utøvar med god kontroll kastar sin motstandar på rygg med tilstrekkeleg kraft og hurtigheit gir kastet ein Ippon, 10 poeng. Dersom ein utøvar kaster sin motstandar med kontroll, men teknikken manglar delvis eit av dei andre tre momenta som skal til for å oppnå Ippon vil det gi ein Waza-Ari, 7 poeng. Dersom motstandaren vert kasta og landar på ryggen for så å rulle over på magen vil kastet gi Yuko, 5 poeng. Kast der motstandaren lander på rumpa vil gje Koka, 3 poeng.

Godkjent haldegrep gir poeng etter fylgjande tider:
· 10 – 14,9 sekund Koka
· 15 – 19,9 sekund Yuko
· 20 – 24,9 sekund Waza-ari
· 25 sekund Ippon

Dersom ein utøvar utfører ei ulovleg handling og får straff vil denne blir ført opp som poeng på motstandarens scoringstavle. Straffa er kumulativ, det vil seie at ein utøvar som får tildelt Koka fordi motstandaren vert straffet vil neste gong motstanderen blir straffa få Yuko, deretter Waza-ari og Ippon.
Ein utøvar vil få Ippon, og dermed vinne kampen, dersom motstandaren gjev opp ved å slå av (slå med hand eller fot gjentatte gangar i matta, seg sjølv eller motstanderen) eller seie «maita» («eg gir meg» på japansk).

judo, shido

Reglene i judo er strenge for å unngå at utøvarane skader seg sjølv eller motstandaren. Straffene er Shido og Hansoku-Make. Når ein utøvar får si fyrste lette straff, Shido, vil motstandaren automatisk få ein Koka (3-poeng). Hvis utøvaren får ein Shido til, vil motstandarens Koka bli fjerna og han får Yuko (5-poeng) i staden. Ved 3 Shido på rad blir motstandarens Yuko fjerna og han får en Waza-ari (7-poeng). Får utøvaren fleire straffer etter dette, blir Waza-ari omgjort til Ippon på motstandarens scoringstavle og denne vinn kampen.
Ved ein grov overtredelse får utøvaren Hansoku-Make (utvising).

Kamptidene varierer i dei forskjellige aldersinndelingane.

· UNGDOM: 3 minutt effektiv tid.
· JUNIOR: 4 minutt effektiv tid.
· SENIOR: 5 minutt effektiv tid.

Vektklasser :

· BARN: I barneklassene bruker ein flytande vektklasser der en tilstreber 4-5 deltakarar i kvar klasse. Ein tek hensyn til alder og ferdigheitsnivå i tillegg til barnets vekt.
· UNGDOM: Gutar vert delt inn i 10 vektklasser frå -38 kg til +81 kg. Jenter vert delt i 8 vektklasser frå -36 kg til +63 kg.
· JUNIOR: Menn vert delt i 8 vektklasser frå -55 kg til +100 kg. Kvinner vert delt i 8 vektklasser frå -44 kg til +78 kg.
· SENIOR: Menn vert delt i 7 vektklasser frå -60 kg til +100 kg. Kvinner vert delt i 7 vektklasser frå -48 kg til +78 kg.