Kva er judo?

Judo er ein japansk kampidrett og består av kast og  kontrollteknikkar. Utøvarar over 16 år lærer også armlås og halslås. Judo gjev variert trening med balanse, koordinasjon, smidigheit, bevegeligheit og styrke. Det er lite skadar, sjølv om det er ein fullkontakt kampidrett. Judo er effektivt som sjølvforsvar, men fyrst når ein sjølv blir angripen.

Judo er verdens 7. største olympiske idrett med over 20 millionar utøvarar på verdsbasis og har vore OL-grein sidan 1964. Det internasjonale Judoforbundet har over 200 medlemsland.

article-0-1441D663000005DC-877_634x386


Historikk

Judo har sitt utspring i stor grad frå jiujitsu (eller ju-jutsu) som truleg vart introdusert i Japan av kinesarane, og seinare videreutvika av japanarane. Historisk materiale syner at teknikkar i slekt med jiujitsu oppstod som ein form for ubevæpna kamp som hadde til hensikt å uskadeleggjere eller til og med drepe ein motstandar. Det var mange forskjellege stilartar eller skular, og dei gamle jiujitsu-mesterane gjorde alt dei kunne for at deira lære skulle bli allmenn kunnskap. Dei forskjellege lærarane lærde ofte vekk teknikkane sine til utvalde elevar under ed om at dei måtte forbli hemmelege. Generelt kan ein seie at jiujitsu er lære om angrep og forsvar, for det meste utan våpen, mot ein bevæpna eller ubevæpna motstandar. Dei kampteknikkane som vart utvikla gjekk i hovudsak ut på å utnytte fiendens angrep til eigen fordel.

Systematisk jiujitsutrening tok ikkje form før på siste halvdel av 1500-talet, og dei forskjellege jiujitsu-skulene oppstod i tidsrommet frå ca. 1600 og fram til starten av 1800-tallet. Det var hovudsakeleg krigarklassa, samuraiane som trente jiujitsu og andre krigskunstar. Dei var maktfaktorane bak dei forskjellege småkongane i føydaltidens Japan. Då føydalsamfunnet i løpet av det 19. Århundret gjekk i oppløysing mista jiujitsu i stor grad sin posisjon. Grunnlegginga av ei sterk sentral regjering etter vestleg mønster medførte at den gamle krigerklassa totalt mista sin innflytelse, mange skuler vart nedlagde, og dei gamle krigskunstane sto faktisk ei stund i fare for å døy ut.

historyofjiujitsu1

Medan mange jiujitsu-lærarar var bekymra for den manglande oppslutninga, var det ein mann som i spesielle jiujitsu-teknikkar såg anledninga til å utvikle ein sport. Han innsåg at tida hadde forandra seg, og at det ikkje lenger var behov for ein krigs-kunst i tradisjonell forstand. Samtideg var det viktig at fleire århundrer med kunnskaper ikkje gjekk tapt.

Jigoro Kano, som vi i dag kjenner som grunnleggjaren av judo, starta skulen sin, Kodokan i Tokyo i 1882. Kano hadde studert under fleire store jiujitsu-mestrar. No fortsatte han å studere dei forskjellege jiujitsu-skulane sin eigenart og styrke. Gjennom ei periode på mange år utvikla og forbetra han teknikkar og metoder. Han trakk det beste ut av kvar skule, og bygde etterkvart opp sitt eige system.

jigorokano1

Han ville opphøgje og utvikle kunsten – ‘jitsu’ til eit ideal eller prinsipp – ‘do’.
Jigoro Kanos system fikk difor namnet Kodokan Judo. Kano forandra eller fjerna farlege eller dårlige teknikkar, og han beviste snart at judo var jiujitsu overlegen i konkurransar. Sporten vart raskt populær i Japan og ved starten av forrege århundret spredte den seg vidare til USA og Europa. Judo sin utbreiing og popularitet har seinere berre økt. I dag er judo veletablert som olympisk idrett (frå 1964), og vert praktisert av rundt 20 millioner menneske i over 200 land verda over.

(Tekst fra www.judo.no)